søndag 16. juni 2024

Andøya må forberede seg på spionaktivitet - NRK

 


PST åtvarar kommunen: – Interessant for framande etterretningstenester



Andøya ventar stor aktivitet på forsvar og romhamn, og tilsvarande behov for internasjonal rekruttering. PST ber dei sikre nødvendige tiltak mot spionasje.

 

Det er venta høg aktivitet og stort behov for rekruttering på Andøya i Nordland framover. PST ber næringslivet om å gjere grundige undersøkingar på førehand.

FOTO: ANDØYA SPACEPORT / PHOTOGRAPHER ANETTE ASBJØRNRØD

Send e-post til JournalistIngrid G. ÅrdalJournalist

Send e-post til JournalistTrygve GrønningJournalist

Send e-post til Programleiar i HelgemorgenArne Egil TønsetProgramleiar i Helgemorgen

Publisert i dag kl. 11:34 Oppdatert i dag kl. 11:36

Oppskyting av forskingsrakettar, slepp av vitskapelege ballongar og testing av våpen.

Det er mykje som skjer på Andøya i Nordland, med sine knappe 5.000 innbyggarar.

Øya har eit av Nord-Noregs mest høgteknologiske bedrifter, nemleg Andøya Spaceport, som i november opna som den første romhavna for satellittar på det kontinentale Europa.

I tillegg har dei Andøya flystasjon som bidrar til mykje forsvarsaktivitet.

Det er to tydelege mål for etterretning.

Samtidig som norske myndigheiter forsøker å få fleire til å følge betre med på kva som skjer rundt oss, åtvarar no PST kommunen om å vere på vakt når folk søker jobb.

– Vi ser no at regjeringa ønsker å omgjere nedlegginga av Andøya flystasjon, samtidig som dei ønsker å satse på dronar. Så du får veldig mykje kapasitetar samla på ein stad og det gjer det sjølvsagt interessant for framande etterretningstenester.

Det seier etterretningsleiar i PST, Morten Alexander Mossin, til Helgemorgen søndag.


Sjekk hele artikkelen her: https://tinyurl.com/22p5cz4a

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.