Riksrevisjonen kritisk til kjøp av
forsvarsmateriell
Staten bruker for
lang tid når dei skal skaffe seg nytt forsvarsutstyr, meiner Riksrevisjonen. –
I dagens tryggingspolitiske situasjon er det alvorleg, konkluderer dei i ein ny
rapport.
Riksrevisjonen rettar skarp kritikk mot korleis
Forsvaret skaffar seg nytt utstyr.
FOTO: FORSVARET
Send e-post til JournalistEspen AlnesJournalist
Send e-post til JournalistØzgur TufanJournalist
Publisert i dag kl. 12:56 Oppdatert for 2 timer siden
Då langtidsplanen for Forsvaret blei vedteke samrøystes av Stortinget i byrjinga av juni, blei
det kalla historisk.
Dei neste 12 åra skal Noreg bruke 1635 milliardar kroner på forsvar for
å møte dei tryggingspolitiske endringane vi har sett dei siste åra.
Riksrevisor Karl Erik Schjøtt-Pedersen
Pengane skal blant anna gi nye ubåtar, fregattar, helikopter og
luftvern.
Men skal investeringane ha effekt, må det bli gjort meir effektivt,
ifølge ein ny rapport frå Riksrevisjonen.
– Vi har avdekka store svakheiter, og det er
særleg alvorleg i den situasjonen Europa er i no. Det er også svært alvorleg
sett i lys av at Forsvaret har fått kraftig auka budsjett til investeringar,
seier riksrevisor Karl Erik Schjøtt-Pedersen til NRK.
Sjekk hele saken her: https://tinyurl.com/bdz9t7fv
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.