Den spanske fagforeininga USO har rapportert inn Norwegian og Adecco til Arbeidstilsynet i Spania for det dei meiner er ulovlege kontraktar for mellombels tilsetting av kabinpersonale, skriv nyheitsbyrået Europapress.

– Uunnverlege

I ei kunngjering hevdar fagforeininga at Norwegian sidan 2012 har inngått 375 mellombels kontraktar med personar som gjennomfører arbeidsoppgåver som er uunværlege for Norwegians kjerneverksemd.
Dei meiner selskapet systematisk bruker formuleringa «opphopning av oppgåver» for å rettferdiggjera bruk av midlertideg arbeidskraft som det i realiteten er permanent trong for.
– I seks kontraktar har ein gjort ei einaste modifisering, ein klausul som forsvarer at kontrakten er mellombels, og det berre for å dekke over svindelen dei har gjort, heiter det i fagforeininga si kunngjering.
USO vonar at varslinga vil gjera slutt på all lovstridig vikarbruk i Norwegian.

– Følgjer spansk lov

– Me følgjer spansk lov, me følgjer alle lokale lovar og regler i alle marknadar der me etablerer oss, også Spania, seier informasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen.
Han forklarer at Norwegian er ein ny aktør i Spania og difor bruker mellombels tilsettingar av pilotar og kabinpersonale i ein periode, for å avklara om dei nye crewbasane er levedyktige.
– I ein oppstartsfase har me byrja med mellombels tilsettingar for å vera trygg på at basen er lønnsam før me tilsetter fast, seier Sandaker-Nielsen.

Tre spanske baser

Norwegian har hatt ein crewbase i Malaga i to år, medan basane i Barcelona og Madrid vart opna for få månadar sidan.
– Basen me oppretta i Finland i 2011 viste seg å vera berekraftig og då gjekk me for faste tilsettingar på forsommaren i år. Det er også planen i Spania å ha faste tilsettingar dersom basane viser seg å vera lønnsame innan to eller tre år, seier Sandaker-Nielsen.
Informasjonssjefen opplyser at selskapet alltid nyttar seg av lokal kunnskap når det går inn i nye marknader. I Spania er samarbeidspartnaren Adecco.
– Det er nettopp for å sikra at lokale lovar og regler blir følgd etter punkt og prikke, seier Sandaker-Nielsen.

– Vanleg praksis

I ein email til NRK skriv Adecco i Spania at kontraktane med kabinpersonalet i Spania kan rettferdiggjerast fordi det er eit midlertidig behov i turistsesongen, og fordi det gjeld nyoppretta ruter og baser.
– Mellombels tilsettingar er ein vanleg praksis i Spania og i Europa, der mange flyselskaper bruker lokale byråer til tilsettingar, skriv pressesjef Luis Perdiguero i Adecco i Madrid, til NRK.
Også Adecco viser til at Norwegian har som mål å inngå faste tilsettingar når behovet for slik arbeidskraft er avklart.