Pilotane vurderer å ta Bjørn Kjos for retten
Sjølv om streiken er over, er det på ingen måte våpenkvile mellom Norwegian og Parat. Pilotane vurderer framleis om dei skal ta flyselskapet for retten.
Midt under streiken varsla fagforeininga Parat at dei vurderer å saksøke Norwegian. Parat meiner Norwegian bryt arbeidsmiljølova, sidan moderselskapet Norwegian Air Shuttle (NAS) leiger inn arbeidskraft frå dotterselskapet Norwegian Air Norway (NAN).
Dette spørsmålet har vore sjølve kjernen i konflikten mellom partane, og årsaka til at storstreiken drog ut i tid.
Parat avviser ikkje at spørsmålet om tilsettingstilhøva til pilotane kan hamne i retten, sjølv om streiken er avblåst, og at partane har kome til semje om ein avtale.
– Vil vi ta stilling til dette etter 12. mars (torsdag, red.anm.), for då går fristen for Norwegian ut. Då vil dei kome med sitt svar på varselet vårt, seier Skjæggerud til NRK.
I varselet om søksmål krev pilotane tilsetting i moderselskapet NAS framfor dotterselskapet som dei no er tilsette i. Under streiken stod pilotane knallhardt på kravet om ein tariffavtale med moderselskapet, men det fekk dei ikkje. Derimot fekk pilotane tre års arbeidsgaranti.
«Arbeidsgivar er det selskapet som bestemmer tid, stad og korleis arbeidet utførast. I tillegg utførast alle HR-funksjoner i morselskapet».
– Det er dette selskapet som styrer dei tilsette, sa Dege til NRK.
Dege meiner Kjos vil tape ei slik sak i retten.
– Vi brukar all tid og alle krefter på å få flya i lufta igjen, så får vi heller kome tilbake til dette spørsmålet seinare, seier informasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian.
– Vi Norwegian gi Parat eit svar innan 12. mars?
– Det er vanskeleg for meg å sei noko om. Vi jobbar no med å få flya i lufta igjen. Det er vårt hovudfokus no.
– Men stridsøksa er ikkje heilt gravlagt enno?
– No skal vi jobbe saman for å skape eit berekraftig Norwegian for framtida. Det er målet vårt.
Dette spørsmålet har vore sjølve kjernen i konflikten mellom partane, og årsaka til at storstreiken drog ut i tid.
Parat avviser ikkje at spørsmålet om tilsettingstilhøva til pilotane kan hamne i retten, sjølv om streiken er avblåst, og at partane har kome til semje om ein avtale.
Kan bestemme seg i morgon
Parat-leiar Hans-Erik Skjæggerud seier til NRK at dei ikkje har bestemt seg for om dei vil gå rettens veg eller ikkje, men varselet om søksmål står framleis ved lag.– Vil vi ta stilling til dette etter 12. mars (torsdag, red.anm.), for då går fristen for Norwegian ut. Då vil dei kome med sitt svar på varselet vårt, seier Skjæggerud til NRK.
I varselet om søksmål krev pilotane tilsetting i moderselskapet NAS framfor dotterselskapet som dei no er tilsette i. Under streiken stod pilotane knallhardt på kravet om ein tariffavtale med moderselskapet, men det fekk dei ikkje. Derimot fekk pilotane tre års arbeidsgaranti.
- LES OGSÅ: – Absolutt fredsplikt i tre år
«Arbeidsgivar er det selskapet som bestemmer tid, stad og korleis arbeidet utførast. I tillegg utførast alle HR-funksjoner i morselskapet».
Advokat: – Ville tapt i retten
Advokat Jan Tormod Dege, ein av landets mest anerkjente ekspertar innan arbeidsrett, sa til NRK i går at han pilotane har rett i at moderselskapet NAS er den reelle arbeidsgjevaren.– Det er dette selskapet som styrer dei tilsette, sa Dege til NRK.
Dege meiner Kjos vil tape ei slik sak i retten.
Norwegian: – Vanskeleg å sei
Norwegian seier til NRK at denne saka er vanskeleg å kommentere i dag:– Vi brukar all tid og alle krefter på å få flya i lufta igjen, så får vi heller kome tilbake til dette spørsmålet seinare, seier informasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian.
– Vi Norwegian gi Parat eit svar innan 12. mars?
– Det er vanskeleg for meg å sei noko om. Vi jobbar no med å få flya i lufta igjen. Det er vårt hovudfokus no.
– Men stridsøksa er ikkje heilt gravlagt enno?
– No skal vi jobbe saman for å skape eit berekraftig Norwegian for framtida. Det er målet vårt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.