Ifølgje ein talsmann for det russiske
forsvarsdepartementet så nådde alle rakettane som vart
skotne ut frå
skip i Kaspihavet, måla sine i Syria.
– I motsetnad til CNN gir vi ikkje opplysningar baserte på
anonyme kjelder. Vi viser fram oppskytinga av rakettane og
måla dei ramma, seier talsmann i forsvarsdepartementet,
generalmajor Igor Kongasjenkov til nyheitsbyrået Reuters.

Iransk territorium

Iranske styresmakter har ikkje kommentert meldingane.
Rakettar skotne ut frå Kaspihavet må gå over iransk
territorium for å kunne nå mål i borgarkrigsherja Syria.
Russiske styresmakter opplyste i går at dei hadde skote
26 kryssarakettar frå Kaspihavet
mot IS-mål i Syria.
Dei amerikanske militærkjeldene veit ikkje om rakettane
gjorde skade då dei slo ned i Iran.
Det er uklart om Russland har fått løyve frå Iran om å skyte
kryssarrakettar over landet sitt territorium, men Russland
og Iran støttar begge Syrias president Bashar Assad i
borgarkrigen i Syria.
Ein syrisk militær talsmann seier at dei russiske angrepa
har gjort det mogleg for regjeringsstyrkane å gå til ein
bakkeoffensiv mot IS og Nusrafronten. Det er meldt om
harde kampar fleire stader i provinsane Idlib, Hama og
Latakia.