onsdag 12. oktober 2022

Kortbaneliv - Serie fra NRK

 

Langs ei av Noregs tøffaste kystlinjer

Fest setebeltet! I «Kortbaneliv» møter vi menneske som er avhengig av flytilbodet for å leve og bu langs Finnmarkskysten. Premiere på NRK1 og i NRK TV onsdag 19. oktober.

Key art for "Kortbaneliv". Til venstre i bildet står et fly fra Widerøe på bakken i vintermørket. Til høyre er det bilde av en kvinnelig flyplassansatt.

FOTO: NRK

Johannes LangloKommunikasjonsrådgjevar

Publisert 10. okt. kl. 12:11 Oppdatert 10. okt. kl. 12:15

Del på Facebook Del på Twitter Del på epost

Små flyplassar, ekstremt vêr og uredde pilotar. Gjennom ei luftig reise langs ei av Noregs mest vêrharde kystlinjer møter vi passasjerar og dei som gjer alt dei kan for at folk skal kome seg fram.

Vi vert kjend med Kjell Roger i flytårnet i Mehamn, der han har dei siste arbeidsdagane sine som AFIS-fullmektig før tårnet vert automatisert. Og flyvert Mads Ole som sørger for at passasjerane føler seg trygge i lufta.

Ein mann med Liverpooldrakt sit i eit flytårn langs Finnmarkskysten.

Kjell Roger i tårnet i Mehamn hjelper pilotane med å handtere krevjande forhold.

FOTO: NRK

Vêrhardt

Passasjerar, flybesetning og bakkemannskap trassar flyskrekk, store avstandar og handterer dårleg vêr. Alt for å gjere det mogleg å bu og leve eit godt liv i Noregs ytste utkant.

To frå kabinpersonalet sit på eit pauserom.

Mads Ole og kollegaene handterer både flyskrekk og turbulens når dei er i lufta.

FOTO: NRK

Vi besøker stader ein berre kan nå med fly når været er dårleg. Frå Hasvik til Vadsø, den såkalla «mjølkeruta».

Vi møter Ingrid som pendlar mellom mor og far, og ikkje alltid har vêrgudane på si side. I tillegg møter vi Carlos frå Spania som er på jakt etter dei beste surfemoglegheitene.

Ein kvinneleg flyplasstilsett dirigerer flyet på rullebana. I bakgrunnen ser ein eit Widerøefly.

Finnmark byr og på vakre omgivnader, så lenge det er opphaldsvêr.

FOTO: NRK

«Kortbaneliv» er ein ekte og nær dokumentar som byr på eit innblikk i korleis det er å bu og leve langs Finnmarkskysten.

Premiere på NRK1 og i NRK TV 19. oktober.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.