Regjeringa vil styrke konkurransekrafta til norsk luftfart
Pressemelding | Dato: 20.12.2019
| Nr: 182/19
– Eg vil styrke norsk luftfart og styrke grunnlaget for flytilbodet i distrikta. Difor legg vi no om dei avgiftene flyselskapa betaler for tenester frå Avinor, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Med dette følger han opp Granavolden-plattforma sin ambisjon om å restrukturere luftfartsavgiftene for å sikre auka konkurransekraft.
– Samanlikna med mange andre land i Europa lar vi flyplassane i Noreg bere ein større del av kostnadane knytt til flysikringstenestene, særleg dei såkalla innflygingstenestene. Eg vil flytte nokre av desse kostnadane, slik at dei flya som berre flyg gjennom det norske luftrommet må dekke ein del som er meir lik det dei møter i andre land, seier Dale.
Vidare innfører regjeringa avgiftsendringar som styrker grunnlaget for dei kommersielle distriktsrutene.
– Vi vil gje fritak frå plikta til å betale for inntil 6 tonn av den vektbaserte startavgifta. Dette styrker grunnlaget for flytilbodet på dei minste flyplassane våre , seier Dale.
Det er også fastsett at Sandefjord Lufthavn AS ikkje bli pålagt å dekke kostnader til innflygingsteneste dei er avhengige av.
Gjennom høyringsrundane er det også kome andre innspel frå norske flyselskap som samferdselsdepartementet vil vurdere i lys av dei erfaringane denne avgiftsendringa medfører.
Fritak frå startavgifta vil bli gjennomført med verknad frå 1. mars 2020. Flyttinga av flysikringskostnadene blir gjennomført frå 1. januar 2020 – då tredje referanseperiode av det felleseuropeiske systemet for effektivisering av flysikringstenestene trer i kraft.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.