onsdag 20. november 2024

Sannsynlig sabotasje på kablene i Østersjøen - NRK


Sjekk innlegg her på bloggen den 27. oktober 2023 vedr. en tilsvarende sak som også involverte et kinesisk fartøy. (Red.)


Dansk aksjon mot kinesisk skip etter kabelbrot i Østersjøen

Den danske marinen utfører ein aksjon mot det kinesiske skipet dei har skugga sidan to viktige kablar blei brotne i Østersjøen, skriv fleire medium.

Yi Peng 3, ifølge X-brukar

BLEI SKUGGA AV DANSK MARINE: «Det kinesiske skipet Yi Peng 3» blei følgt av eit dansk militærskip på veg ut av Østersjøen, melder SVT. No er Danmark i gang med ein aksjon mot det same skipet ved Kattegat.

Foto: Droxford Maritime

Oda Eggesbø Ottesen– JournalistJournalist

Publisert i dag kl. 15:20 Oppdatert for 7 minutter siden

Aksjonen skjer på vegner Sverige, der lasteskipet ligg for anker ved Kattegat i dansk farvatn, erfarer Danmarks radio.

Det danske forsvaret stadfestar på X at dei er til stades i nærleiken, for å skugge eit kinesisk lasteskip. Dette har dei gjort sidan i går, ifølge skipsdata frå Marine Traffic.

Samtidig erfarer svenske SVT at etterforskinga, som Sverige leier på vegner av fire land, i aukande grad konsentrerer seg om det same kinesiske skipet.

– Det er skipsrørsler som svarar til denne kriminaliteten på maritim overvaking, Carl-Oskar Bohlin, tysdag, utan å kommentere ikkje «Yi Peng 3» direkte.

– Difor er det sett i gang undersøkingar om sabotasje.

Sjekk hele saken her: https://tinyurl.com/3m8s6exf

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.