Ny rapport om Forsvaret: Ikkje godt nok rusta
Noreg må styrkja nærværet i nord, samarbeida meir med allierte og bruka meir av ressursane på operativ verksemd, meiner ei uavhengig ekspertgruppe som har evaluert Forsvaret.
I føremiddag overleverte ekspertgruppa sin dom til oppdragsgjevaren, forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H).
– Det norske Forsvaret er ikkje godt nok rusta til å møta det nye risiko- og trugselbiletet, seier leiaren for ekspertgruppa, professor ved Institutt for forsvarsstudiar (IFS) Rolf Tamnes.
– Må forvalta naboskapet med Russland klokt
Ekspertgruppa viser til terrorisme, cyberåtak og langtrekkjande missilar. Dei peikar på at krisa i Ukraina markerer slutten på langvarig fred i Europa og på Noreg sitt forhold til Russland som sentralt i den kursen Forsvaret bør ha i framtida.– Russland vil vera den sentrale faktoren i norsk forsvarspolitikk i uoverskueleg framtid. Noreg må forvalta naboskapet med Russland klokt basert på felles interesser, understrekar Tamnes i ekspertgruppa.
Rapporten understrekar også behovet for langt tettare samarbeid med allierte.
– Det er viktig å erkjenna at Noreg er ein småstat som treng støtte frå allierte. Av og til blir denne erkjenninga borte i planlegginga av og debatten rundt det norske Forsvaret. Det framstår som at dette skal Noreg greia åleine. Me tilrår at Noreg og allierte går saman om eit felles lyft, seier Tamnes.
Føreslår fem «kritisk viktige» tiltak
Ekspertgruppa trekkjer fram fem konkrete oppgåver som dei meiner blir kritisk viktige for å skapa eit sterkt og krigsførebyggjande norsk forsvar i tida framover:- Meir ressursar til etterretning og overvaking
- Eit meir robust apparat for leiing i krise og krig i form av
- ei tettare kopling mellom dei operative hovudkvartera til Forsvaret og dei allierte
- å oppretta ei eiga eining for krisehandtering ved Statsministeren sitt kontor (SMK) - Avskrekking i form av blant anna landstyrkar, meir robust luftvern, nye ubåtar og samarbeid med allierte
- Reaksjonstida er for svak. Klartida for utvalde norske styrkar må kraftig ned og einskilde einingar må vera kontinuerleg til stades i utsette område
- Sivil og militær understøtting er forsømt. Krafttiltak må til for å sikra at norske og allierte styrkar får naudsynt støtte i krise og krig
Søreide: – Eit solid stykke arbeid
Ifølgje rapporten kan forsvarskapasiteten styrkast med 7,5 milliardar årleg i ti år fram i tid, dersom Forsvaret både får meir pengar og i tillegg omdisponerer mykje av eksisterande ressursar til operativ verksemd.
Forsvarsministeren seier at rapporten peikar i same retning som regjeringa ønskjer for Forsvaret.
– Ekspertgruppa har levert eit solid stykke arbeid. Ekspertgruppa sine avgjerder kjem til å bli viktige inn i det store biletet som ligg framfor oss, seier Søreide og viser til regjeringa sitt arbeid med den nye langtidsplanen for Forsvaret.
Rapporten skal ifølgje regjeringa vera eit innspel i debatten om Forsvaret sine føresetnader til å avverja og møta utfordringar mot norsk sikkerheit og mot allierte.
- LES OGSÅ: Rapport: Her bør Norge heise Nato-flagg
- LES OGSÅ: Disse militærasene kan forsvinne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.